Workfinder

Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde

Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)

SogndalHeltid, Vikariat, VikariatFrist 1. november

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vi søkjer lege i spesialisering (LIS2/3) til eit eittårig vikariat i perioden 01.03.2027 til 01.03.2028. Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk med spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd. Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre Sogn psykiatrisenter.

Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt.

Arbeidsoppgåver

• Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga • Delta i vaktordning ved senteret • Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har Kvalifikasjonar

• Norsk autorisasjon som lege • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) • Søkjar må ha førerkort i klasse B • Ferdig med LIS1 teneste. Personlege eigenskapar

• Du har motivasjon og interesse for fagfeltet • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar Vi tilbyr

  • •Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Øyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, +47 415 30 396

Arbeidsstad Dalavegen 29

6856 SOGNDAL

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5187718970

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.03.2027

Sluttdato: 28.02.2028

Søknadsfrist: 01.11.2026