Workfinder

Sula kommune

Biblioteksjef

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vi søker ein engasjert og framtidsretta leiar som vil vidareutvikle biblioteket som ein levande møteplass for innbyggjarane i Sula. Sula bibliotek er ein viktig del av lokalsamfunnet og tilbyr eit breitt tilbod innan litteratur, kultur og informasjon. Biblioteket har ei sentral rolle i arbeidet med leseglede, livslang læring og inkludering. Vi søker no ein biblioteksjef som kan leie biblioteket vidare. Biblioteket har eit aktivt formidlingsprogram for både barn og vaksne, og samarbeider også tett med skular, barnehagar og andre om tilbod som Tøyveskebibliotek, lesestunder, foredrag, forfattarbesøk med meir.

Som biblioteksjef hos oss er du del av eit fellesskap med resten av fylket sine biblioteksjefar.

Administrativt ligg biblioteket i eininga Fellesstab. Biblioteksjef rapportere til assisterande kommunedirektør.

Arbeidsoppgåver

• Ansvar for den faglege leiinga, drift og utvikling av bibliotektenesta • Budsjett- og økonomiansvar for biblioteket • Styrke og marknadsføre biblioteket som kulturarena, debattarena og møteplass Kvalifikasjonar

• Minimum bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap • Erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver er ønskeleg • Vi ser etter ein person som kan arbeide tverrfagleg, på tvers av kommunens mange fagområder Personlege eigenskapar Vi ønskjer oss ein engasjert, motiverande og samarbeidsorientert biblioteksjef med gode kommunikasjons- og samhandlingsevner. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyr

• Ei spanande og samfunnsviktig stilling • Interessante og varierte arbeidsoppgåver • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gratis parkering • Løn etter avtale Kontaktinformasjon Sunniva Marøy Eriksen, Assisterende kommunedirektør, 95256848, sunniva.maroy.eriksen@sula.kommune.no

Arbeidsstad Fyllingvegen 11

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5188055894

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.11.2026