Workfinder

Leirvik AS

Senior HR-Rådgjevar

StordHeltid, Fast, FastFrist 31. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du bidra til å vidareutvikle HR-faget i Leirvik? Vi søkjer ein erfaren og engasjert Senior HR-rådgjevar som vil vere ei sentral støtte for leiarar og tilsette i verksemda. Rolla har eit særskilt ansvar for rådgjeving innan arbeidsrett, tariffavtalar, arbeidstidsordningar, bemanning og omstillingsprosessar, og vil bidra til å sikre ein profesjonell og einskapleg HR-praksis på tvers av organisasjonen.

Arbeidsoppgaver

• Rådgjeving og støtte til leiarar innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning • Ansvar for, og vidareutvikling av prosessar knytte til tariffavtalar, arbeidstidsordningar, overtid og rotasjonsordningar • Bistå i bemanningsplanlegging og rekruttering • Ansvar for innleige og rammeavtalar • Bistå ved omstillingar, permitteringar og nedbemanningsprosessar • Samarbeid, drøftingar og forhandlingar med tillitsvalde og fagforeiningar • Oppfølging av sjukefråvær og IA-arbeid i samarbeid med leiarar • Koordinering og oppfølging av kompetanseutvikling og opplæringstiltak • Bidra til utvikling og standardisering av HR-system, rutinar og prosessar • Samarbeide tett med HR-teamet for å sikre einskapleg HR-praksis i organisasjonen Kvalifikasjoner

• Relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning. • Solid erfaring frå operativt og strategisk HR-arbeid, gjerne frå industriell eller operativ verksemd • God kunnskap om arbeidsmiljølova, tariffavtalar og kollektiv arbeidsrett • Erfaring med arbeidstidsordningar, bemanning og arbeidsrettslege problemstillingar • Erfaring med forhandlingar og samarbeid med tillitsvalde og fagforeiningar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Personlige egenskaper

• Er ein tydeleg og tillitsskapande rådgjevar • Arbeider strukturert, nøyaktig og løysingsorientert • Har høg integritet og god rolleforståing • Er sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre Vi tilbyr

• Ei sentral rolle i utviklinga av HR-arbeidet i Leirvik • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver • Eit kompetent og inkluderande arbeidsmiljø • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling • Konkurransedyktige vilkår Kontaktinformasjon Janne Ertresvåg, SVP HR & HSEQ, +47 40 21 80 11, Janne.ertresvag@leirvik.com

Arbeidssted Storhaugvegen 130

5416 Stord

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Leirvik AS

Referansenr.: 5189115162

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.10.2026