Workfinder

Voss Gynekologiske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus

Gynekolog, Voss sjukehus

VossHeltid, Fast, FastFrist 25. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø? Velkomen til Voss!

Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter nye kollegaer. Me har ledig 100% fast stilling som gynekolog og kan tilby pendlarvennleg turnus. Me søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 6-delt med heimevakt på kveld og natt.

Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland.

Arbeidsoppgåver

• Poliklinikk • Operasjonar • Visittgang/postarbeid • Vurdere tilvisingar • Fødselshjelp og oppfølging av nyfødde • Undervising og rettleiing av LIS1 og LIS3 • Delta i vaktordning Kvalifikasjonar

• Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i gynekologi • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk og er imøtekomande • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring Personlege eigenskapar

  • •Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • •Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta
  • •Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper

Vi tilbyr

• Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø • Fagleg utvikling • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande bustad

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Kathrine Woie, Seksjonsleiar, +47 97176463

Arbeidsstad Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5192030542

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.10.2026