Os vgs - Avd. HO/HT, Vestland fylkeskommune
Miljøarbeidar
Os vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr studiespesialisering og yrkesfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette fordelt på to lokasjonar: Kolgskogheiane og Gymnasvegen.
Ved studiespesialiserande tilbyr skulen fordjuping innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag.
I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring.
Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke. Skulen har frå 1. januar 2027 ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar. Stillinga er for tida knytt til tilrettelagt opplæring, HTA og HTH.
Arbeidsoppgåver Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:
• deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga • samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom • hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen • hjelper ev. til i samband med reise til og frå skule, og under ev. arbeidsutplassering i verksemd Kvalifikasjonar
- •Fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar.
- •Relevant fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn.
- •Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi ønsker at du
- •har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer
- •samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
- •er trygg, tydeleg og inkluderande
- •er initiativrik
- •deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
- •meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
• eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom • eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår • 100% stilling men 89% lønn siden stillinga følger skuleruta. Kontaktinformasjon Jan Kåre Greve, rektor, +47 91680978
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
