Workfinder

Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde

Helsefagarbeidar 70% fast stilling

SogndalDeltid, Fast, FastFrist 14. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Døgn har ledig fast 70 % stilling som helsefagarbeidar med fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid frå 01.03.2027. Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk, spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd

Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre sogn psykiatrisenter.

Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt. Les meir om regionen her.

Vi tilbyr

• Arbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø • Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag • Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling • Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag • Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga Arbeidsoppgåver

• Du gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan • Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga • Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre • Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar • Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar • Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer • Arbeid i turnus (dag/kveld) med arbeid kvar tredje helg. Den som blir tilsett må vere innstilt på at det kan bli endringar til langvakter Personlege eigenskapar

• Du møter pasientar med respekt, ro og eit ope sinn • Du arbeider strukturert og målretta, og finn gode løysingar i kvardagen • Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer • Du er motivert for fagleg utvikling og ønskjer å lære Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Kvalifikasjonar

  • •Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • •Relevant fagskuleutdanning innan feltet vil bli vektlagt, men er ikkje eit absolutt krav.
  • •Interesse for fagfeltet
  • •Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Sigrid Snitjer, Seksjonsleiar, 576 27 500 (sentral)

Arbeidsstad Dalavegen 29

6856 SOGNDAL

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5187722269

Stillingsprosent: 70%

Fast

Startdato: 01.03.2027

Søknadsfrist: 14.10.2026