Distriktstannklinikken Sunndalsøra [sunndal], Møre og Romsdal fylkeskommune
2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Sunndalsøra
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Sunndalsøra
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 15. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sunndalsøra på Nordmøre?
• Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke? • Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? • Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? • Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit? Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt. Distriktstannklinikken ligg i sentrum av Sunndalsøra, i Sunndal kommune. Klinikken har overtannlegen i kompetanseregionen, to tannlegar, ein tannpleiar og tre tannhelsesekretærar. Sunndal er ein stor industri- og kraftkommune, omkransa av vill og vakker natur. Kommunen har mykje å tilby av aktivitetar og attraksjonar heile året, med gode kultur- og fritidstilbod. Kommunen ligg i kort avstand til både Kristiansund, Molde og Oppdal. (Les meir på:www.sunndal.com).
Arbeidsoppgåver Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som tannlege • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk. • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit. • Nyutdanna blir også oppmoda til å søke – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som:
• kjenner stoltheit for tannhelsefaget • trivst med å jobbe med og for menneske • jobbar effektivt og sjølvstendig • har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Vi tilbyr
• Ein god jobb der du kan utvikle deg • Lønn etter avtale • Etableringstilskot og flyttetilskot • Oppdatert og fin tannklinikk • Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk. • Trivelege medarbeidarar og godt miljø • Introduksjonsprogram • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) I Sunndal skjer det mykje, året rundt. Eit aktivt organisasjonsliv og sterke fellesskap skaper trivsel, tilhøyrsle og engasjement.
Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest Kontaktinformasjon Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553
Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500
Arbeidsstad Auragata 5
6600 Sunndalsøra
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune