Fyresdal Pleie- Og Omsorgssenter
Sjukepleiar/vernepleiar 100 % 6.kvar helg langvakter
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Fyresdal
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 25. oktober
- Lønn ikke oppgitt
Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Vi har legevakt i kommunen 24/7.
Hva vi ser etter
Personlege eigenskapar
- •God fagleg dyktigheit og interesse for faget
- •Gode kommunikasjonsevner
- •Utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel
- •Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
- •Likar utfordringar
- •Har brukar i fokus
- •Har stor arbeidskapasitet
- •Ansvarsfull og stabil
- •Gode digitale ferdigheiter
- •Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
- •Sjukepleiefaglege oppgåver
- •Klinisk arbeid med pasientnær kontakt, grunnleggande pleie, sjukepleiefaglege og tekniske prosedyrer, medisinsk oppfølging og behandling
- •Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
- •Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
- •Multidose- og generell legemiddelhandtering
- •Assistere lege på legevakt ved behov
Kvalifikasjonar
- •Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- •Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- •årssjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- •Årsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnus
- •Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- •Akuttkurs for legevaktspersonell
- •Fagutvikling og simulering
- •Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- •Løn etter tariff avtale
- •Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
- •Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
Tilsettingsvilkår
- •Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
- •Teieplikt
- •Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting