Alver kommune
Sjukepleiarstilling ved Såta bu- og servicesenter - 100%
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Isdalstø
- Heltid, Fast, Fast
- Lønn ikke oppgitt
Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som nettopp har utvida med 13 plassar? Då søkar vi etter deg! Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg som en prøve. Vi har årsturnus. Hos oss jobbar det også helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.
Om Såta bu- og servicesenter I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane for personar med demenssjukdom som vi allerede har. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Arbeidsoppgåver
- •Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
- •Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
- •Utføring og oppfølging av til dømes:
- •legemiddelhandsaming
- •ADL
- •sårstell
- •ernæring og væskebehandling
- •lindrande behandling
- •blodprøvetaking
- •Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
- •Veileding av kollegaer og studentar
- •Samarbeid med pårøyrande
- •Tverrfagleg samarbeid
- •Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
- •Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- •Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Kven er du? Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg, klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.
Vi tilbyr
- •Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling
- •Årsturnus
- •Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune