Workfinder

Opplæring i bedrift, Møre og Romsdal fylkeskommune

Rådgivar opplæring i bedrift

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du bidra til å utvikle morgondagens fagarbeidarar? Vi ser etter deg som liker å bygge gode relasjonar, ser moglegheiter og skaper smarte løysingar i samarbeid med andre

Hos oss får du ei meiningsfull stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø og eit viktig samfunnsoppdrag, der du bidreg til at ungdom og vaksne fullfører fagopplæringa si og lykkast i arbeidslivet. Gjennom arbeidet er du med på å sikre næringsliv og offentlege verksemder den kompetansen dei treng, både i dag og i framtida.

Arbeidsoppgåver Fagopplæringssystemet er i endring der fullføringsreformen og store statlege satsingar på yrkesfag vil gi ei spennande utvikling framover. Vi treng deg som ser nye moglegheiter og utviklar arbeidsmåtar som styrker evna vår til å løyse samfunnsoppdraget vårt.

Du vil arbeide med å vidareutvikle nettverk og samarbeid med skole og arbeidsliv, slik at du kan hjelpe oss med å bidra til at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring. Ein viktig del av dette er å rettleie lærlingar, lærebedrifter og prøvenemnder, både i saksbehandling av enkeltsaker og i gjennomføring av kurs og samlingar.

Oppgåvene i stillinga kan bli endra. Kvalifikasjonar Vi søkar deg som har

  • •høgare relevant utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad eller høgare yrkesfagleg utdanning med relevant erfaring kan vurderast, men da til stillingstype spesialkonsulent og konsulent.
  • •relevant erfaring, helst frå vidaregåande opplæring og/eller frå næringslivet i Møre og Romsdal
  • •gjerne erfaring frå prosessarbeid eller prosjektutvikling
  • •god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk

Personlege eigenskapar Vi vil også legge stor vekt på at du

• er god på å kommunisere og skape relasjonar • kan samarbeide for å oppnå resultat • kan ta i bruk nye metodar og drive prosessar framover • tek initiativ og arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta • er komfortabel med å representere eksternt og halde presentasjonar/foredrag Vi tilbyr Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda. Vi kan tilby deg meiningsfullt arbeid, der du får bidra til at fleire ungdommar og vaksne får fullført utdanning på ein god måte. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.

Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale.

Kontorstad er i Molde. Kontaktinformasjon Målfrid Nesje, Seksjonsleiar opplæring i bedrift , 90640200, malfrid.nesje@mrfylke.no

Hilde Aspås, Næringssjef, 97715135, hilde.aspaas@mrfylke.no

Arbeidsstad Julsundvegen 9

6412 Molde

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5182409633

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026