Fyresdal Pleie- Og Omsorgssenter
Helsefagarbeidar 100 % fast
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Fyresdal
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 25. oktober
- Lønn ikke oppgitt
Du vil kunne jobbe i årsturnus med dag-/kvelds-/langvakter og moglegheit for 4. kvar helg og langfriperiode!Vi har legevakt i kommunen 24/7. Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon.
Hva vi ser etter
Personlege eigenskapar
- •Løysingsorientert og viser initiativ
- •Nytenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere
- •Positiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- •Stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk
- •Tolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
- •Klinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie- og omsorgsoppgåver
- •Observasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
- •Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
- •Multidose- og generell legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- •Fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)
- •Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- •Gode datakunnskapar
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- •Spennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- •Årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus
- •Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- •Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
- •Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
Tilsettingsvilkår
- •Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
- •Teieplikt
- •Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting