Workfinder

Vest-Telemark vgs tilrettelagt opplæring, Telemark Fylkeskommune

Fagarbeidar/elevrettleiar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vi treng fleire folk på laget vårt og har ledig stilling som elevrettleiar. Stillinga er eit vikariat fram til 1.november 2027 og fyller 70% (62,3%). Du jobbar alle dagar heile veka (26 t/v), men har fri i alle helger og i elevane sine feriar med unntak av 5 planleggingdagar i løpet av skuleåret. Vår visjon er: Alle kan, me hjelper deg fram. I denne stillinga skal du samarbeide om tett oppfylging av elevar som som har indivduelt tilrettelagt opplæring på AHT-avdelinga eller for elevar på dei andre avdelingane som treng støtte i skulekvardagen. Det betyr at du skal vere ein trygg og god vaksen, ein god rollemodell for elevane og du skal gjere deg kjent med tilretteleggingsbehovet for elevane, for å samarbeide med faglærarar, kontaktlærar og leiinga til beste for eleven og skulen.

Arbeidsoppgaver Til stillinga vil det ligge ansvar for opplæring i ADL-ferdigheiter, planlegge og utføre praktisk arbeid saman med elevar og å delta i variert fysisk aktivitet inne og ute gjennom heile året.

Stillinga ligg til avdeling for tilrettelagt opplæring, men du må vere førebudd på å fylgje opp elevar på alle programområda vi tilbyr:

• Utføre oppgåver som er planlagt av faglærar for elevar som treng ekstra støtte i fag • Delta i planlegging og ansvar for gjennomføring av praktiske arbeidsoppgåver • Som arbeidstrening saman med elev utføre manuelt arbeid ute og inne, som snørydding, vedproduksjon, rydde kvist, arbeid med dyr og liknande. • Følgje opp elevar som skal øve på aktivitetar i dagleglivet, herunder også fysisk trening ma. bassengaktivitetar • Følgje opp elevar som treng støtte i skulekvardagen av årsaker knytt til fysisk og/eller psykisk helse • Følgje opp avtaler som er gjort rundt enkeltelevar og klasser • Støttefunksjon i undervisning på yrkesfag både i teknologi- og industrifag, elektrofag og helse- og oppvekstfag Kvalifikasjoner (overskrift) Utdanning: Du må ha fullført vidaregåande skule Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar Det er ynskjeleg av du har spesialpedagogisk utdanning frå fagskule Erfaring: Du bør ha erfaring med opplæring og/eller tilrettelagt arbeid for ungdommar eller vaksne personar

Du bør

• Like å vere saman med ungdommar • Vere god på kommunikasjon og vere ein god lyttar og samtalepartnar. • Ha gode samarbeidsevner - like å jobbe i team • Vere løysingsorientert, fleksibel og kunne takle uføresette hendingar i skulekvardagen, og kunne tilpasse arbeidet ut frå dette. • Vere kreativ og nevenyttig og like å utføre praktisk arbeid • Like å vere i fysisk aktivitet ute og inne til alle årstider Personlege eigenskapar blir vektlagt

I denne stillinga har du rett på ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tjenestepensjonar berre blir utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank-, forsikring- og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no) Kontaktinformasjon Birgit Johanne K. Olsnes, Avdelingsleder undervisning, 46902166

Arbeidssted Storvegen 195

3880 Dalen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune

Referansenr.: 5195498759

Stillingsprosent: 70%

Vikariat

Startdato: 09.11.2026

Sluttdato: 29.10.2027

Søknadsfrist: 30.10.2026