Suldal kommune Stølane barnehage
Pedagogisk leiar - Stølane barnehage
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Erfjord
- Heltid, Annet
- Frist 4. november
- Lønn ikke oppgitt
Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar. Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.
Stølane barnehage ligg i Erfjord, i Stølane byggefelt. Me er 44 barn og 16 tilsette fordelt på 3 avdelingar. Me har flott natur i nærområdet, med sjø og skog som me nyttar oss av i kvardagen. Me er opptekne av å skapa gode fellesskap, finna ro i kvardagen, språk og lesing, ta vare på naturen rundt oss og sunn og god mat som gjer kroppen godt.
Me jobbar saman mot målet
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Om stillinga
Vi har ei 100% fast stilling frå og med 01.01.2027 og eit 80% vikariat frå og med 01.01.2027 til og med nytt barnehageår.
Arbeidsoppgåver
• Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar. • Møtedeltaking. • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt. • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga. • Samarbeid med ulike instansar. • Ansvar for vurdering og dokumentering. Er du klar? Me treng deg!
Kven ser me etter?
• Du har godkjent barnehagelærarutdanning. • Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna. • Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg. • Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt. • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre. • Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø. Kraftlaget – kva får du hos oss?
Arbeidsmiljø Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. Fleksibilitet og kvardagsliv Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
• Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner • Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner • Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner • Utviklingsmoglegheiter Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. Bu i Suldal Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Engasjerte og dyktige kollegaer • Bedriftshelseteneste • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff • Nynorsk som administrasjonsspråk • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette Andre opplysningar:
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.