Workfinder

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer kantor/kyrkjelydsmusikar i 100% stilling

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Ønskjer du å formidle kyrkja sin bodskap gjennom musikk, song og kulturarbeid? Har du engasjement for korarbeid, gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging? Vi søkjer ein kyrkjemusikar som ser musikken som ein viktig del av gudstenesta og kyrkjelyden sitt liv.

I Fjell sokn får du høve til å vere med og vidareutvikle eit aktivt og mangfaldig kyrkjemusikalsk arbeid med lange tradisjonar og stort engasjement. Med visjonen «Fjell kyrkje – ei kyrkje for alle» ønskjer soknet å vere ein open og inkluderande møteplass der musikk, song og kultur er viktige bidrag til fellesskap, tru og tilhøyrsle. Vi søkjer derfor ein kyrkjemusikar som ønskjer å byggje vidare på det gode arbeidet som allereie er etablert. Samstundes ønskjer vi å gje rom for at den som vert tilsett kan vidareføre og utvikle arbeidet på sin eigen måte, ut frå eigne styrkar, interesser og kompetanse.

Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 82 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle kvalifiserte til å søkje.

Personen som vert tilsett må ha eit personleg engasjement for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Arbeidsoppgåver Døme på arbeidsoppgåver:

• Leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i Fjell sokn i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar. • Planleggje og gjennomføre musikk ved gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement, og bidra til aktiv deltaking gjennom forsongarteneste og musikalsk medverknad. • Vidareføre og utvikle korarbeidet i soknet, med særleg engasjement for barnekor og vaksenkor som viktige møteplassar og bidragsytarar i kyrkjelyden. • Bidra til song- og musikkveldar, konsertar, utstillingar og anna kulturarbeid i kyrkjelyden, og vere med på å vidareutvikle kyrkja som kulturarena. • Rekruttere, følgje opp og inspirere frivillige medarbeidarar innan det kyrkjemusikalske arbeidet. • Vidareføre det gode samarbeidet mellom kyrkje, skule og barnehage. • Delta i tiltak for barn og unge, mellom anna innan trusopplæring, T-dagsarbeid og konfirmantarbeid. • Samarbeide med kyrkjemusikarane i fellesrådet om kyrkjemusikalske tiltak på tvers av sokna. • Leggje til rette for at ulike musikalske uttrykk får sin plass i gudstenesteliv og kyrkjelydsarbeid. • Gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar i fellesrådsområdet etter oppsett tenesteplan. Kvalifikasjonar

• Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant musikkutdanning. • Må ha grunnleggjande ferdigheiter på både orgel og piano. • Erfaring med korleiing eller musikalsk leiing er ønskjeleg. • Interesse for ulike musikalske uttrykk og tradisjonar. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. • Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein medarbeidar som:

  • •Har gode samarbeidsevner.
  • •Inspirerer til deltaking og engasjement.
  • •Trivst i samarbeid med frivillige, tilsette og kyrkjelyd.
  • •Arbeider sjølvstendig og strukturert.
  • •Har evne og vilje til å utføre praktiske og administrative oppgåver knytt til arbeidet
  • •Er utviklingsorientert og initiativrik.
  • •Ønskjer å byggje kyrkjelyd gjennom musikk, song og kulturarbeid.

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr

• Ei spennande og variert stilling med stort fagleg spelerom. • Høve til å vidareføre og vidareutvikle eit etablert og aktivt kyrkjemusikalsk arbeid. • Eit engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og frivillige. • Godt samarbeid i kyrkjemusikkseksjonen og på tvers av sokna. • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar. Kontaktinformasjon Bodil Lee Espedahl, Seksjonsleiar for diakoni og kyrkjemusikk, 93094210

Therese Grande Skogli, Personal- og økonomikonsulent, 48041275

Arbeidssted Kyrkjehaugen 2

5357 Fjell

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5200830291

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2026