Workfinder

Gulen kommune

Sjukepleiar, 2 x i inntil 100% fast - bonus og løn over tariff

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Om stillingane Gulen kommune har ledig to i inntil 100% faste stillingar som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Desse stillingane er for tida knytt til rullerande todelt turnus på 12 veker i Brekke. Den eine faste stillinga har arbeid med langvakter 4. kvar helg og ordinære vakter i vekedagane. Den andre faste stillinga har langvakter kvar 4. helg og kombinasjon av langvakter og ordinære vakter i vekedagane. Ta kontakt med kontaktperson i annonsen dersom du har spørsmål til stillingane/turnus. Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Me tilbyr

  • •Spanande stillingar i ei teneste i utvikling. Rom for å kunne bidra aktivt i utviklingsarbeidet
  • •Bonusordning på 100 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i desse stillingane. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
  • •Løn over tariff for sjukepleiarar i turnus
  • •Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsoppgåver

• Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl. • Andre oppgåver som måtte kome til I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg

Kvalifikasjonskrav

  • •Autorisasjon som sjukepleiar
  • •Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • •Gyldig politiattest
  • •Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • •Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • •Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • •Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
  • •Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • •Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • •Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • •Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • •For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • •Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering