Workfinder

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen

SandaneHeltid, Fast, FastFrist 25. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har ei spennande stilling ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.

Vi søkjer etter einengasjert og dyktig sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.

Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen. Det er åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har vi implementert personsentrert omsorg i avdelingane. Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå no og til 13.09.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Fast stilling kan bli mogleg.

Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Du har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar:

  • •hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
  • •legemiddelhandtering
  • •sjukepleiar-/vernepleiarfaglege oppgåver
  • •dokumentasjon
  • •tverrfagleg samarbeid
  • •rettleie studentar

Kvalifikasjonar

  • •Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • •Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som

• held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte Vi tilbyr

• Varierte og lærerike arbeidskvardagar • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø • Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • Stilling organisert i årsturnus For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat. Kontaktinformasjon Marion Bolstad Fløtre, Konstituert avdelingsleiar, +47 94989709

Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5189641129

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.11.2026

Sluttdato: 13.09.2027

Søknadsfrist: 25.10.2026