Sauherad bygdeheim
Faste helgestillinger
På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane. Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag.
Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt.
Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Kva du kan forvente: • Ein arbeidsplass prega av stoltheit for arbeidet • Moglegheit for fagleg utvikling • Rom for humor og godt samhald mellom kollegaer • Langvakter i helgene • Eit team som stiller opp, uansett kva dagen bringer. Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg.
Arbeidsoppgåver • Daglig pleie og omsorg av pasientar • Dokumentasjon i profil • Legemiddelhåndtering • Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege
Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjon/kompetanse • Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B1 nivå) Ønska kompetanse • Autorisasjon som helsefagarbeider er ønskjeleg • Søkarar uten autorisasjon kan òg bli vurdert for tilsetting som pleiemedarbeidar • Behersker data/iPad som verktøy, i tråd med dokumentasjonsplikta Me ønskjer deg som • har erfaring frå arbeid innan helse, pleie og omsorg • er interessert i å arbeide innan pleie- og omsorgstenester • er ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig • samarbeider godt med kollegaer, brukarar og pårørande • bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og gode tenester • ønskjer å bidra til at bebuarar og brukarar opplever tryggleik og meistring Særskilde krav • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • er engasjert og positiv • møter menneske med respekt, omsorg og tolmod • er løysingsorientert • tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig • er open for læring og utvikling • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne Personelge eingenskapar vektleggast Vi tilbyr • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk • Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Tone Asborg Nilsen, Avdelingsleiar, +47 90840927
Arbeidsstad Skrivarvegen 2
3810 GVARV
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
