Workfinder

Regionalt senter for kjønnsinkongruens Vest/ Psykosomatisk medisin, Helse Bergen HF

Psykologspesialist

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vi søker Psykologspesialist til Regionalt senter for kjønnsinkongruens Vest. Helse Bergen arbeider med å vidareutvikle Regionalt senter for kjønnsinkongruens (RSKI Vest), med sikte på å etablere teneste til pasientar over 18 år og tilby ein samla teneste til barn, unge og vaksne i eitt regionalt fagmiljø og legge til rette for helhetlige pasientforløp. RSKI Vest er organisert som ein eigen seksjon i Avdeling psykosomatisk medisin i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern, med felles leiing og ansvar for tilbodet til både barn, unge og vaksne. Dei andre seksjonane under Psykosomatisk medisin er: Seksjon konsultasjonspsykiatri, Seksjon for alderspsykiatri og Seksjon for nevrostimulerande behandling. Senteret skal ha ein tydeleg regional rolle innan fagutvikling, rettleiing og samarbeid med DPS, kommunale tenester og andre relevante fagmiljø. Dagens tilbod - RSKI Vest tilbyr utgreiing, behandling, oppfølging og rekvirering av behandlingshjelpemiddel for personar opp til 18 år som opplever kjønnsinkongruens. Vi har psykososiale tilbod som samtalar, opplæring og lærings- og meistringskurs. All medisinsk behandling, til dømes hormonbehandling, skjer ved den nasjonale behandlingstenesta (NBTK) ved OUS. Senteret er fleirfagleg og har tre medarbeidarar: 50% psykologspesialist, 30% lege og 100% koordinator/psykologspesialist. Det er tilknytt eit regionalt fagnettverk til senteret.

Arbeidsoppgåver

• Skal motta tilvisingar om personar med kjønnsinkongruens og planlegge vidare pasientforløp • Skal greie ut og behandle pasientar i poliklinikk • Skal utvikle tenester til vaksne pasientar, og vidareutvikle tenester til barn og unge, i samarbeid med øvrige medarbeidarar i senteret og samarbeidspartnarar lokalt og regionalt, samt involvere brukar- og interesseorganisasjonar • Samhandling med og rettleiing av andre tenester Kvalifikasjonar

• Norsk autorisasjon som psykolog • Psykologspesialist eller erfaren psykolog • Søkar må ha erfaring frå klinisk arbeid i spesialsthelsetenesta • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med personar med kjønnsinkongruens • Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar

• Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna • Du må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team • Det er viktig at ein kan arbeide strukturert og målretta • Vere bidragsytar for eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø • Den som blir tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Vi tilbyr

  • •Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • •Eit godt arbeidsmiljø
  • •Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon Ann Christin Øren Rivenes, Avdelingssjef, 55974562

Arbeidsstad Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5195090240

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.11.2026