Kinn kommune
Rådgjevar Nordfjordnett
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Deknepollen
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 18. november
- Lønn ikke oppgitt
Ønsker du nye utfordringar i IT bransjen? Nordfjordnett er på jakt etter ein rådgjevar som vil styrke arbeidet med å levere dei sikraste, smartaste og mest stabile løysingane til kommunane våre i Nordfjord. På avdelinga vår Server og applikasjon, driftar vi serverar, fagsystem, integrasjonar, IT utstyr og tek i vare sikkerheita i løysingane for kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Stillinga vil i hovudsak innebære administrative oppgåver som prosjektkoordinering, organisatorisk arbeid med informasjonssikkerheit, lisensadministrasjon, avtaleforvaltning og systemdokumentasjon. For å lukkast i denne rollen er det viktig at du trivst med å jobbe med administrative oppgåver knytt til IT. Server og applikasjon er ei av tre avdelingar på driftssenteret som er plassert i Deknepollen. Samarbeidet omfattar også ei strategisk eining for digitalisering og utvikling som er lokalisert på Nordfjordeid. Nordfjordnett har hovudkontor i Deknepollen ved Måløy. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.
Arbeidsoppgåver
- •Koordinere både interne tekniske prosjekt i Nordfjordnett og digitaliseringsprosjekt i kommunane
- •Halde oversikt over og forvalte innkomne sikkerheitshendingar, ha oversyn over forbetringsarbeid knytt til den generelle sikkerheita i verksemda
- •Lisensadministrasjon på dei største avtalene våre som t.d. Microsoft
- •Vere med i eit team som jobbar med avtaleforvatning slik at kommunane våre til ei kvar tid har dei beste prisane i markedet
- •Dokumentere systeminformasjon og opplysingar om integrasjonar i arkitekturverktøyet vårt
- •Bidra til kompetansedeling og fagleg utvikling i heile organisasjonen
Kvalifikasjonar Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eitt eller fleire av desse områda innan IT:
• Prosjektkoordinering • IT-sikkerheit • Lisensadministrasjon • Avtaleforvaltning • Erfaring i bruk og forvaltning av arkitekturverktøy Du må ha:
• Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning • Gode norsk- og engelskkunnskapar - både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar
• Du må ha gode analytiske evner og ei genuin interesse for teknologi og administrative oppgåver • Du er ansvarsbevisst og har eit stort fokus på kvalitet og sikkerheit • Du er omgjengeleg og er serviceinnstilt • Du jobbar godt i team, men også sjølvstendig • Du har gode samarbeidsevne • Du er omstillingsdyktig og endringsorientert Vi tilbyr Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit godt arbeidsmiljø der det blir lagt vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel God opplæring og jamlege fagøkter Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høg aktivitet Kontaktinformasjon Willy Nordpoll, Dagleg leiar, +47 97519520
Anne Ruth Botn Bjørlo, Assisterande dagleg leiar, 91809077, anne.ruth.bjorlo@iktnordfjord.no
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kinn kommune