Stranda distrikt, Stranda kommune
Stranda distrikt - helgevakt og tilkallingsvikarar
Vi søker etter tilkallingsvikarar i Stranda distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg. Stranda distrikt består av sjukeheim med 38 plassar, omsorgsbustadar ved avdeling Dalane, Solbakken og Liabygda og tenester til yngre heimebuande brukarar med funksjonsnedsetting. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Skriv i søknaden kva du søkjer på: • Stranda omsorgssenter avd. sjukeheimen - Helg og tilkalling • Stranda omsorgssenter avd. heimetenesta - Helg og tilkalling • Stranda omsorgssenter avd. HTF (heimeteneste til yngre med funksjonsnedsettingar) - Helg og tilkalling
Arbeidsoppgåver Arbeid i pleie ved avdeling sjukeheimen Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
Kvalifikasjonar Erfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav. Søkjarar til heimetenestene må ha førarkort. Personlege eigenskapar • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg. • Interesse for faget. • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Løn etter kvalifikasjonar Kontaktinformasjon Astrid Helene Ringdal, Avdelingsleiar heimetenesta, 464 11 156
Hannah Velle Vadset, Avdelingsleiar sjukeheimen, 930 98 969
Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180
Arbeidsstad Nymarkvegen 58
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stranda kommune
