Workfinder

Helsetenesta, Stranda kommune

Stranda kommune søkjer fastlege

StrandaHeltid, Vikariat, VikariatFrist 25. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Kvifor velge Stranda ? Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag. Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.

Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.

Vi har ledig 2 vikariat i 100% stilling, eine frå dags dato til mai 2027 og det andre vikariatet frå 26. oktober til august 2027, med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller lege i spesialisering (ALIS). Stillinga er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett. Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS.

Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky.

Kvifor velge Stranda legekontor?

  • •Legekontoret er veldrive
  • •Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer
  • •Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar
  • •Fastløn og 15 % omsetningsløn
  • •Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke
  • •Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag.
  • •Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp
  • •Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • •Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II
  • •Kommunen er godkjent utdanningsverksemd
  • •ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar
  • •Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke
  • •Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid)
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon

Vi tilbyr

• Spanande og varierte arbeidsoppgåver • Gode kollegaer og hyggeleg arbeidsmiljø • Interkommunal legevakt i Sykkylven med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell. Primært legevakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00 • Lav vaktbelastning Kvalifikasjonar

• Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege • Gjennomført LIS1 i Norge • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering • Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg • Førarkort klasse B • Gyldig politiattest Personlege eigenskapar

• Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team • Fleksibel • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Kontaktinformasjon Inge Settemsdal, Tillitsvalt NLF, 46411094

Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089

Arbeidsstad Øyna 13

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5185160767

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 11.10.2026