Workfinder

Luster kommune Gaupne omsorgssenter

Aktivitør/miljøarbeidar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Stillingsinformasjon

• 100% vikariat som aktivitør/miljøarbeidar frå d.d. til 31.01.2028. Arbeid på dagtid måndag til fredag. Arbeidsoppgåver

• Miljøarbeidar har eit hovudansvar for planlegging, gjennomføring og utvikling av aktivitetstilboda. Under dette ligg ansvar for daglege varierte fellesaktivitetar på aktivitetsstova (song, musikk, baking, underhaldning mm.) og/eller individtilpassa aktivitetar for den einskilde bebuar • Det kan bli tillagt andre oppgåver utifrå bebuarane sine behov, t.d. aktivitetar på ettermiddag/kveld. Kvalifikasjonar

• Relevant utdanning og/eller praksis • Meistre norsk tilfredsstillande, både skriftleg og munnleg • Personlege eigenskapar vert vektlagde Me legg vekt på

• Fleksibilitet og evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar • Gode kommunikasjonsevner • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg Me kan tilby

• Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår • Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk Andre opplysningar

  • •Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • •Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • •Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • •Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her