Workfinder

Etne kommune Økonomi

Vil du bli vår nye konsulent på økonomi og lønn?

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Etne kommune har ledig 100% fast stilling ved økonomi og lønn innan lønn/rekneskap/fakturering. Arbeidsoppgåver

• Lønnsarbeid frå A til Å blant anna import og kontroll av filer, a-melding, behandling og kontroll av reiserekningar, opplæring og rettleiing til tilsette, rapportering og avstemming. • Bilagshandsaming, kontering og attestering av leverandørfaktura, fakturering • Delta aktivt i årsavslutning • Halde seg oppdatert på relevant regelverk • Oppdatering av system som vedkjem lønn Kvalifikasjonar

• Ønskeleg med høgare økonomisk utdanning, men realkompetanse vert også vurdert • God økonomiforståing • Erfaring med lønnsarbeid eller rekneskapsføring • Gode datakunnskapar og systemforståing • God IT-kompetanse innan lønn/rekneskapssystem. Kjennskap til Visma Enterprise vil vera ein fordel. • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Eigenskapar Mesøkjer etter ein person som:

• kan bidra til nytenking og er pådrivar til utviklingsarbeid, samt er løysingsorientert • er analytisk, nøyaktig og har evne til å jobba systematisk • har gode samarbeidsevner og likar å jobba i team • har stor arbeidskapasitet og som likar høgt tempo, då det til tider kan vera svært hektisk • er utettervendt og positiv • er ansvarsmedviten, sjølvstendig og påliteleg • har gode kommunikasjonsevner • fleksibel på arbeidsoppgåver Me tilbyr

• Eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer • Varierte og spennande oppgåver • Løn etter tariff/avtale • God pensjonsordning gjennom KLP Annan informasjon Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her