Workfinder

Alver kommune

 Ledige helgestillinger ved Knarvik Sjukeheim, avdeling 2

IsdalstøDeltid, Fast, FastFrist 19. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Om stillinga Det er no fleire ledige helgestillingar i avdelinga. Vi har årsturnus med planlagt arbeid og fritid for 52 veker. Ledige stillingar både kvar 3. helg, eller annakvar helg. Å jobbe helg hos oss, er viktige stillingar. Vi ser derfor etter deg som er motivert, stødig og stabil.

Om avdelinga Avdeling 2 har 29 pasientrom. Vi har todelt pasientgruppe, ei korttidsgruppe med pasientar som er her på tidsavgrensa og målretta opphold, og ei langtids- somatisk pasientgruppe som bur her fast. Det er naturleg å variere mellom begge gruppene når ein er tilsett her. Avdelinga har mange flotte fagpersoner i sving kvar dag, og det er ei aktiv avdeling med eit godt fleirfagleg samarbeid. Vi ser etter nye kollega til å jobbe faste helgevakter. Vi ser etter nye kollega til å jobbe faste helgevakter.

Arbeidsoppgåver Assistere og rettleie, til gjennomføring av stell og pleie av pasientar etter individuelle behov Planlegge og gjennomføre enkel aktivisering av pasient, i gruppe eller individuelt Ta ansvar for ernæringsoppfølgning, enkel klargjering av måltider og assistere den enkelte pasient etter behov Rutineoppgåver i avdeling med tildelt ansvar, t.d. postkjøkkenansvar, skylleromsansvar Utføre oppgåver etter kompetanse, delegert frå andre. FKS. NEWS, vektkontroll, pårørandekontakt m.m. Dokumentasjon av helsehjelp i EPJ Sørge for at avdelinga er ryddig og triveleg

Kompetansekrav Det er ein fordel dersom du har fagbrev i helsefag, eller om du studerer helsefag. Har du liknande erfaring fra tidlegare jobb er dette også ein fordel Krav: Beherske norsk språk munnleg og skriftleg

Kven er du? Vi søker nye kollega til vår avdeling. Vi ønskjer arbeidsomme, og omsorgsfulle kollega som bidrar positivt i miljøet både med hensyn til pasientar, pårørande og kollega. Dersom du er student og ønskjer ei helgestilling, er dette ein perfekt mulighet til deg. Avdelinga vår er aktiv, og det er gode muligheter for fagleg vekst.

Vi tilbyr

  • •Opplæring
  • •Gode og omsorgsfulle kollega
  • •Årsturnus
  • •Tilgjengeleg leiing
  • •Fagleg spennande arbeidsoppgåver

Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune