Stord kommune
ID 2485 Jordmor vikariat - Førebyggjande tenester
StordDeltid, Vikariat, VikariatFrist 25. oktober
Førebyggande tenester, avdeling for førebyggande helse har ansvar for svangerskapsomsorga, helsestasjon, skulehelseteneste, smittevern og helsestasjon for ungdom.
Me søkjer etter Jordmor i eit 60% vikariat i perioden 01.12.26- 30.11.27
Me søkjer etter ein engasjert fagperson som vil vera med på å gi gode tenester til gravide og barselkvinner og deira familiar.
Me treng at du har
- •Godkjent jordmorutdanning og gjerne erfaring frå kommunehelsetenesta.
- •Høg arbeidskapasitet
- •Gode samarbeidsevner
- •Bidreg inn i det tverrfaglege fellesskapet i helsestasjonen og i resten av avdelinga
- •Stort engasjement for kvinnehelse og svangerskapsomsorga
Vidare ynskjer me at du
- •Er engasjert og personleg eigna
- •Systematisk, strukturert og sjølvstendig
- •Interesse for og engasjement i høve til utviklingsarbeid i tenesta
- •God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- •Påliteleg, men og fleksibel
- •Har førarkort kl. B
Me kan tilby
- •Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- •Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
- •Høgt faglig nivå
- •Etablert tverrfagleg samarbeid
- •Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- •Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- •Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Spørsmål om stillingane kan rettast til leiande helsesjukepleiar Jorunn Hystad 94794288
