Workfinder

Masfjorden kommune

Helsefagarbeidarar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Om stillingane Masfjorden kommune søkjer etter to helsefagarbeidarar i 100% faste stillingar frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta. Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.

Me ser etter deg som

• Er helsefagarbeidarar med autorisasjon • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team • Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer • Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag • Har godt humør er raus og bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Kan delta i alle arbeidsoppgåver • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve B1 helsefag/B2 sjukepleie • Har førarkort klasse B Søkjarar utan fagutdanning kan verte vurderte dersom dei er villige til å ta helsefagarbeidarutdanning

Me tilbyr

  • •Ein interessant og utfordrande jobb saman med
  • •Dyktige kollegaer
  • •Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
  • •Varierte arbeidsoppgåver
  • •Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • •Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her

For stillingane gjeld

  • •Turnus med dag og kveldsarbeid og kvar tredje helg
  • •Krav om politiattest