Oppvekst og kultur Fjord kommune
Pedagogisk leiar i Syltebøen barnehage
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Valldal
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 5. november
- Lønn ikke oppgitt
Fjord kommune har ledig stilling som pedagogisk leiar i Syltebøen barnehage frå 1. november 2026.
Syltebøen barnehage har to avdelingar for barn i aldersgruppa 1 til 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år. Vi har eit godt arbeidsmiljø, ei godt utdanna personalgruppe og god fagleg utvikling. Barnehagen ligg sentralt til i Valldal med tilgang til eige uteområde og fine naturleikeplassar i nærområdet. Idrettshall og bibliotek ,som blir aktivt brukt, ligg like ved barnehagen. Samarbeid med open omsorg i nabobygget, gjer at vi blant anna har tilgang på drivhus og høner på tunet. Vi er opptekne av at barn, ved hjelp av gode vaksne, skal oppleve vennskap, samhald og respekt i eit trygt, godt og lærande barnehagemiljø. Søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
• Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på avdelingane med godt fagleg skjønn, i tråd med barnehagelov og rammeplan • Planlegge, vurdere og dokumentere det pedagogiske arbeidet. • Skape ein barnehagedag med rom for fordjuping i utviklingsarbeid • Medansvar i arbeidet med HMS • Gi pedagogisk rettleiing • Legge til rette for eit godt foreldresamarbeid • Ansvar for arbeid med planar for barn som har vedtak etter §§ 31 og 37 i barnehagelova Kvalifikasjonar
• Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årstudium i barnehagepedagogikk • Barne- og ungdomsarbeidar eller andre som er under utdanning til å bli barnehagelærar har og høve til å søkje. • God datakunnskap • Erfaring frå arbeid med ASK er ønskeleg • Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform. • Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding Personlege eigenskapar
• Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide • Du har erfaring frå fagområdet, arbeider målretta og engasjere andre. • Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt. • Du har positiv innstilling og godt humør • Du har god digital kompetanse • Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie Vi tilbyr
- •Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- •Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK.
- •Lønn i samsvar med avtaleverk, men du er garantert ei årslønn lik 10 års ansiennitet (kr 596 600) om utdanninga er ferdig
- •Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot
Kontaktinformasjon Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, +47 41867881
Arbeidsstad Olavsgata 20
6210 Valldal
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune