Workfinder

Øystre Slidre kommune

Fagarbeidar Lidar skule

HeggenesDeltid, Vikariat, VikariatFrist 25. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Lidar barneskule har om lag 100 elevar frå 1.-7. trinn. Det er sju klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring. Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper.

Lidar skule har ledig vikariat som fagarbeidar 50% stilling frå no og ut skuleåret. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar.

Merk i søknaden om du ynskjer vikariat eller tilkalling.

Arbeidsoppgåver

• Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt • Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette • Arbeid på SFO er ein del av stillinga Kvalifikasjonar

• Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev • Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge • Du ynskjer å bidra til at barn og unge opplever ein meiningsfull kvardag ved å sjå kvart enkelt born, og du har interesse for sosialt sampel og læring • Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11 Personlege eigenskapar

  • •Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
  • •Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar
  • •Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane

Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

• Ein spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø • Løn etter tariff • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår • Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen Kontaktinformasjon Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813

Arbeidsstad Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5185668698

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Søknadsfrist: 25.10.2026