Workfinder

Treungen barnehage, Nissedal kommune

Barnehagelærar 100% - Fast stilling 

TreungenHeltid, Fast, FastFrist 29. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vi har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar i barnehagane våre. Vi har fire flotte barnehagar i Nissedal kommune, og ein vil kunne bli flytta mellom barnehagane etter behov. For komande barnehageår er denne stillinga tenkt i Treungen barnehage. Treungen barnehage er ein to-avdelings barnehage i Treungen, med eit stort og godt uteområde og gode turområde. Du vil møte engasjerte, fleksible og faglege tilsette som er opptatt av å lage gode dagar for barna med stort høve til leik, læring og relasjonsbygging. Vi legger vekt på fagleg utvikling. Vi arbeidar nå med hjernevennleg oppvekst i heile oppvekstsektoren i kommunen.

Arbeidsoppgåver Som barnehagelærerar har du ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen for barnehagens innhold og oppgåver. Du vil bidra til å utvikle og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid, og vere ein tydelig rollemodell for barna. Oppgåver jamfør stillingsomtala for pedagogisk leiar i Nissedal kommune.

Kvalifikasjonar

  • •Barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning
  • •Gode faglege kunnskaper og interesse for fagleg utviklingsarbeid

Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje melder seg søkjarar i målgruppa. Personlege eigenskapar

• Samarbeidsevne og fleksibilitet • Omstillingsevne • Raushet • Positiv • Engasjement Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen. Vi tilbyr

• Inkluderande og positivt arbeidsmiljø • Spennande arbeidsoppgåver med fastsette stillingsomtalar • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement Anna: Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk. Dersom interne tilsetjingar, kan andre stillingar bli ledig. Kontaktinformasjon Natalie Zernichow Fjalestad, Styrar Treungen barnehage, +47 47 62 92 75

Arbeidsstad Sollivegen 27

3855 Treungen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5194148478

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.10.2026