Workfinder

Øystre Slidre kommune

Helsefagarbeider i heimetenesta- 81,46% fast stilling

HeggenesDeltid, Fast, FastFrist 18. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

I heimetenesta er det ledig 81,46% fast stilling som helsefagarbeider. Det kan også blir fleire ledige stillingar. Vi held til i nye og moderne lokale på Øystre Slidre helsetun, der fleire helse- og omsorgstenester er samla. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • •Heimetenesta gjer tenester til brukarar i omsorgsbustader og i private heimar rundt om i bygda
  • •Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
  • •Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring
  • •Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
  • •Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
  • •Tverrfaglig arbeid med rehabilitering og kvardagsmestring i tenesteområdet

Kvalifikasjonar

• Fagbrev som helsefagarbeidar • Gode norskkunnskapar • Det er det krav om førarkort klasse B • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgtjenesteloven §5-4 Personlege eigenskapar

• Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring, miljøarbeid og velferdsteknolog • Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr

• 2-delt turnus med kvar 3. helg eller langvakter kvar 4.helg • Nødvendig opplæring og rettleiing • Kompetanseheving • Opplæring i fagsystem • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Åse Bolstadbråten, Avdelingsleiar Heimetenesta, +47 90836809

Arbeidsstad Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5186036853

Stillingsprosent: 81,46%

Fast

Søknadsfrist: 18.10.2026