Etne kommune Helse
Ringevikar/ekstrahjelp - hjelpepersonell ved Etne og Skånevik legekontor
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Etne
- Deltid, Annet
- Frist 8. november
- Lønn ikke oppgitt
Etne og Skånevik legekontor søkjer helsesekretær/sjukepleiar til å vera ringevikar/ekstrahjelp ved fråvær og ferie. Legetenesta i kommunen har hovudkontor i Etne og eit utekontor i Skånevik. Det er 7 legar og 6 hjelpepersonell som arbeider ved kontora. Trivelege kollegaer med erfaring og gode rutinar. Arbeidsoppgåver Som hjelpepersonell vil du etter opplæring ha ein arbeidskvardag med ulike arbeidsoppgåver.
• Ekspedisjonsarbeid med pasientmottak i skranke/telefon/digitalt for timebestilling, reseptfornying mm. • Prøvetaking, laboratorie- og sårstell • Bistå legane i pasientbehandling Kvalifikasjonar - Helsesekretær - Sjukepleiar - Anna relevant fagutdanning og/eller fullført 2. året på Bachelor sjukepleie Erfaring frå arbeid på legekontor er ein fordel. Eigenskapar Me søkjer ein vikar som er positiv, løysingsorientert og har evne til å arbeide sjølvstendig. Du må ha gode samarbeidsevner og vera fagleg engasjert. Me tilbyr Etne kommune er ein langstrakt kommune med tilgang til flott natur med både fjord og fjell. Kommunen har om lag 4100 innbyggarar der nesten halvparten bur i tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen har eit rikt kulturliv, engasjert næringsliv med tilgjengeleg servicetenester, aktive organisasjonar og eit godt oppbygd kommunalt tenesteapparat. Det skal vera godt å bu og jobba i kommunen. Velkommen som søkjar. Annan informasjon Du må framvise politiattest utan merknader.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.