Workfinder

Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

Helsefagarbeidar i heimetenesta, sone Sogndal

SogndalHeltid, Fast, Fast

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Me har ledige stillingar som helsefagarbeidar i heimetenesta, og håpar du vil bli vår nye kollega! Me har følgjande stillingar ledig: 100 % fast helsefagarbeidar 50% fast helsefagarbeidar Som helsefagarbeidar i heimetenesta blir du  ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver. Me er oppteken av å gi tilsette eit godt møte med tenesta og god opplæring før ein går sjølvstendig i oppgåvene sine. Dei som vert tilsett får eit opplæringsløp tilrettelagt for den enkelte. Arbeidstid: • 3-delt turnus • Moglegheit for arbeid 3.kvar helg eller langvakter 4. kvar helg • Fleksible turnusløysingar og årsturnus Arbeidsoppgåver: • Utføre heilheitleg pleie, omsorg og behandling • Observasjon, oppfølging og kartlegging av pasientar sine behov og funksjon • Legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer • Dokumentasjon i elektronisk journalsystem • Rettleiing av lærlingar, studentar og nytilsette • Bidra til kvalitetsforbetring og fagutvikling • Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid • Samarbeide tett med sjukepleiarar, legar, terapeutar for å sikre gode og helheitlege pasientforløp Kvalifikasjonar: • Godkjent helsefagarbeidar med norsk autorisasjon • Ønskjeleg med relevant erfaring i kommunehelseteneste • Må beherske norsk, skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar: • Er løysingsorientert og positiv • Er fagleg sterk og trygg i rolla som helsefagarbeidar – også trygg på å seie i frå om når ein treng meir opplæring • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Taklar ein uforutsett og variert arbeidskvardag • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosessar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Me tilbyr: • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Gode velferdsordningar • Sterkt fagleg miljø, med eigen fagsjukepleiar og godt samarbeid med andre tenester i kommunen • Løn etter tariff Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsette får ei prøvetid på seks månader.

Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Link til søknadsskjema: Søk her