Suldal kommune Suldal heimeteneste
2.gongs utlysing av Avdelingsleiar i heimesjukepleien
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Sand
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 8. november
- Lønn ikke oppgitt
Heimetenestene i Suldal kommune søkjer vikar som avdelingsleiar for heimesjukepleien i 100 % stilling, i perioden frå snarast og fram til 31.08.2027. Unde heimesjukepleien ligg også praktisk bistand og dagsenterdrift. Avdelingsleiar har personal- og fagleg ansvar for tilsette i avdelinga, og er ein sentral del av leiargruppa i eininga. Interne vert oppmoda til å søkje, og kvalifikasjonsprisippet vert fulgt. Om oss Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og er delt i to hovudavdelingar - Heimesjukepleien (inkl Praktisk bistand og Dagsenterdrift) og Psykisk helse (inkl ROP-teneste, tildelingskontor, Demenskoordinator, ergoterapeut, Barne-og familieteam og Barnekoordinator). Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 55 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år +, heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp».
Arbeidsoppgåver • Personalansvar for dei tilsette i avdelinga. • Dagleg drift i avdelinga. • Oppfølging av sjukemelde • HMS-oppfølging/ansvarleg i avdelinga; ansvar for arbeidsmiljø og arbeidsforhold • Medarbeidarsamtalar i avdelinga. • Ansvar for at det skjer fagleg utvikling i avdelinga, herunder å planlegge og kalle inn til internundervisning, halde oversikt over kompetansebehov, og samarbeide tverrfagleg ved behov, både internt og eksternt. • Opplæring av nytilsette – avklare opplæringstider og bruke «opplæringshefte for nytilsette». • Turnusarbeid • Følgje opp satsingsområda for heimetenesta, jf. Gode pasientforløp, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi og andre tiltak som bidrar til auka sjølvstende i eigen heim. • Ta medansvar for organisering innflytting og drift av Vinjarheim bukollektiv
Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar, eventuelt annan relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning. • Relevant erfaring frå heimetenesta eller annan kommunal helse- og omsorgstjeneste. • Erfaring med leiing, koordinering eller fagansvar er ein fordel. • Kjennskap til turnusplanlegging og arbeidstidsbestemmelser. • God digital kompetanse, gjerne erfaring med elektronisk journalsystem. • Gode norskkunnskapar, muntleg og skriftleg. • Politiattest må leggast fram før tilsetjing, jf. krav i helse- og omsorgstenestelovgivinga.
Vi søkjer deg som • Er tydeleg og trygg i leiarrolla, og god på å byggje relasjonar. • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. • Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig. • Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ i ein hektisk arbeidsdag. • Har interesse og engasjement for fagleg utvikling og kvalitetsarbeid.
Vi tilbyr • Spennande og utviklande leiaroppgåver i eit godt fagmiljø. • Løn etter avtale / gjeldande tariffavtale. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Ein arbeidsplass med fokus på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling. • Ein del av ei engasjert leiargruppe i eininga.
Slik søkjer du
- •Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
- •Vedlegg: CV, relevante vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Vitnemål og attestar må lastast opp som vedlegg, og vil bli brukt ved eventuelt intervju.
- •Treng du hjelp, kan du kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.