Workfinder

Øystre Slidre kommune

Miljøarbeidar (tilkalling) i integreringstenesta – oppfølging av einslege mindreårige flyktningar

HeggenesDeltid, Vikariat, VikariatFrist 18. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du bidra til at unge flyktningar får ein trygg og god start i Øystre Slidre kommune? Kommunen skal for første gong busetje einslege mindreårige flyktningar, og vi søkjer no etter 1-3 engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å bidra til trivsel, meistring og inkludering for ungdommane. Ungdommane skal bu i eit bufellesskap og vil i stor grad meistre kvardagen sjølve. Vi søkjer etter trygge og omsorgsfulle vaksne som kan vere gode støttespelarar i kvardagen, både i bufellesskapet og ute i lokalsamfunnet. Kommunen arbeider med å etablere eit tilbod for einslege mindreårige flyktningar. Busetjing er planlagt veke 46-47, men føreset at nødvendig bemanning er på plass. Oppstart for tilkallingsvikarane vil skje etter nærare avtale, truleg i november. Intervju er planlagt til torsdag 22.10.26.

Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov, men kan mellom anna omfatte:

• vere ein trygg vaksenperson og samtalepartnar • køyre ungdommane til avtalar og fritidsaktivitetar • planleggje, lage og ete middag saman med ungdommane • motivere til og følgje opp reinhald og orden i bufellesskapet • gje praktisk støtte og rettleiing i daglege gjeremål ved behov • bidra til sosial inkludering og deltaking i lokalsamfunnet • samarbeide med tilsette i integreringstenesta og andre relevante samarbeidspartnarar ved behov Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du:

• har fullført vidaregåande opplæring • har førarkort klasse B • har god munnleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande omtrent nivå B1eller høgare Det er ein fordel om du:

• har erfaring frå arbeid med ungdom eller flyktningar eller med miljøarbeid • snakkar ukrainsk og/eller russisk • har relevant utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som:

  • •er trygg, omsorgsfull og relasjonsskapande
  • •har evne til å motivere og rettleie ungdom til å meistre kvardagen
  • •er sjølvstendig og tek ansvar
  • •er fleksibel og kan stille opp ved behov
  • •samarbeider godt med andre
  • •har forståing for kulturforskjellar og eit inkluderande menneskesyn

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr

• meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag • moglegheit til å bidra til utvikling hos enkeltmenneske og i lokalsamfunnet • fleksibelt arbeid etter behov • opplæring og rettleiing • løn etter gjeldande avtaleverk • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Kontaktinformasjon Nina Dalsegg, Leiar integreringstenesta, +47 90114575

Arbeidsstad Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5186309789

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 18.10.2026