Workfinder

KLINIKK VOLDA SJUKEHUS, Helse Møre og Romsdal HF

Seksjonsleiar intensiv

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Er DU den nye seksjonsleiaren for vår flotte intensivseksjon? Seksjon for intensiv og dagkirurgi ved Volda sjukehus har om lag 25 årsverk og inkluderer intensiv, overvaking, postoperativ og dagkirurgi. Vi samarbeidar tett med andre seksjonar på sjukehuset for å levere gode tenester til befolkninga i vårt opptaksområde. Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeidar tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna.

Velkomen til å bli ein del av teamet vårt!

Arbeidsoppgåver

• Ansvar for dagleg drift av seksjonen innanfor vedtatte rammer • Ivareta og vidareutvikle seksjonen i tråd med dei tenestene som intensiv skal levere • Sikre oppfølging, ivaretaking og kommunikasjon med dei tilsette • Samarbeide tett med andre faggrupper og leiarar internt og eksternt • Sikre involvering og samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta • Aktivt bidra til god ressursstyring og drift i henhald til klinikken og seksjonen sine strategiar og mål • Tilrettelegge for, leie og gjennomføre endringsprosessar Kvalifikasjonar

• Helsefagleg utdanning på høgskulenivå, vidareutdanning som intensivsjukepleiar er ein fordel • Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskeleg • Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar • Klinisk erfaring ønskeleg • Erfaring med omstillingsprosessar • God norsk munnleg og skriftleg fremstillingsevne Personlege eigenskapar

  • •Du er nytenkande og løysingsorientert
  • •Du er engasjert og involverande, med evne til å motivere andre
  • •Du er analytisk og strategisk
  • •Du tenker heilheitleg
  • •Du er opptatt av å bygge felles kultur
  • •Du har evne til å samarbeide med andre fagområder
  • •Du er ein relasjonsbyggar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr

• Gode høve til å utvikle deg som leiar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Ein spanande leiarjobb i ein seksjon med høgt fagleg nivå og engasjerte medarbeidarar • Godt samarbeidsklima og sterkt tverrfagleg samarbeid mellom ulike yrkjesgrupper og fagområder i klinikken • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligg midt i noko av det vakraste Norge har å by på, omgitt av storslåtte fjordar og majestetiske fjell. På Sunnmøre finn du eit mangfald av naturopplevingar, frå djupe fjordar og vakker kystnatur til grøderike dalar, utfordrande klatreturar og spektakulære toppturar. Regionen byr òg på eit rikt kultur- og idrettsliv, i tillegg til eit levande høgskulemiljø. Frå Ørsta/Volda lufthamn, berre ti minutt frå sjukehuset, er det gode flysamband til resten av landet. Les meir om Volda her. Kontaktinformasjon Siv Jensen, Ass. klinikksjef, 91108049, siv.jensen@helse-mr.no

Arbeidsstad Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5200518800

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.11.2026