Workfinder

Ulstein Verft AS

Er du god på koordinering og klar for å ta fagleg ansvar? Bli Disiplinleiar Stålutrustning i Ulstein!

UlsteinvikHeltid, Fast, FastFrist 18. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Er du ein pådrivar? Då har vi noko til felles.

Ulstein er ein internasjonal og nyskapande aktør innan maritime løysingar. I over 100 år har våre medarbeidarar utvikla framtidsretta skip, design og teknologi for den globale maritime industrien.

Er du klar for å bli Disiplinleiar Stål/ stålutrustning i Ulstein Verft? Her blir du fagansvarleg og ein nøkkelperson i prosjekta med ansvar for koordinering av personell og trygge kvalitet i leveransane.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om korleis det er å jobbe i Ulstein!

Oppgåver du vil jobbe med

• Ta leiinga for ditt fagfelt i prosjektet • Sikre at produksjonen leverer i tråd med spesifikasjonar – til rett tid og innanfor timeramma • Koordinere aktivitetar og ressursar innanfor fagområdet i produksjonen • I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar for nybygg • I periodar kunne gå inn i rolla som prosjektleiar i ettermarknadsoppdrag • Følge opp og rapportere avvik – med klare analysar og løysingsforslag • Utforme endringsordrar (Change Orders) når prosjektet krev justeringar • Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta • Ha kontroll på bortsett arbeid og sikre tilstrekkelig bemanning i prosjektet • Vere ein viktig støttespelar for Site Team i utlandet Kunnskap og erfaring vi ser etter Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing - og gjerne innan maritim industri vil det vere ein fordel. Du må også kunne å kommunisere både på norsk og engelsk. Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava. Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

• Gode utviklingsmuligheiter • Interessante og varierte arbeidsoppgåver • Eit godt fagleg miljø • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Fleksitidsordning Kontaktinformasjon Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, 91 58 10 13

Ole Osnes Gjerde, Production Manager, 99 59 71 75

Arbeidsstad Osnesvegen 110

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5192913456

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.10.2026