Workfinder

Klepp kommune, Psykisk helse og rus, døgnteneste

Vikariat 100 % i Rus- og psykiatritenesta, døgnteneste

KleppeHeltid, Vikariat, VikariatFrist 19. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø? Vi søkjer ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til eit 1-årig vikariat i vår rus- og psykiatriteneste. Vikariatet er knytt til permisjon og gir ei unik moglegheit til å arbeide i eit spennande fagfelt med stor variasjon i arbeidsoppgåver og tett oppfølging av brukarar i deira eige heimemiljø. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, høg fagleg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling, samarbeid og kvalitet i tenestene.

Arbeidsoppgåver

• Oppfølging av brukarar i eigen bustad • Medikamenthandtering • Boveiledning og støtte i daglege gjeremål • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar • Støttesamtalar og miljøterapeutisk arbeid • Journalføring og dokumentasjon • Observasjon og oppfølging av psykisk og somatisk helse • Samarbeid med pårørande og interne og eksterne samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar

• Erfaring frå arbeid med personar innan rus- og psykisk helsefeltet • Kjennskap til journalsystemet CosDoc, inkludert utarbeiding av arbeidslister • God skriftleg og munnleg framstillingsevne • Førarkort klasse B • Utdanningskrav: • Sykepleier, Bachelor i psykologi, Vernepleier, sosionom • Relevant fagbrev med videreutdanning innan rus og psykisk helse. Personlege eigenskapar

• Vi ønskjer ein medarbeidar som: • Er trygg, tydeleg og relasjonsbyggjande • Arbeider sjølvstendig og tek ansvar • Har gode samarbeidsevner • Er løysingsorientert og fleksibel • Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø • Har evne til å møte menneske med respekt, varme og fagleg tryggleik Vi tilbyr

• Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit viktig samfunnsoppdrag • Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte kollegaer • Varierte arbeidsdagar og utfordrande arbeidsoppgåver • Moglegheit for fagleg utvikling • Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, humor og støtteGratis parkering • Konkurransedyktig lønn • Gode forsikrings- og pensjonsordninger (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt) • Bedriftsidrettslag • Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider • Ordning med dekning for behandling fysioterapeut og kiropraktor • Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lov- og avtaleverk Kontaktinformasjon Ingeborg Røthe Lekve, Avdelingsleder, 45721377, ingeborg.rothe.lekve@klepp.kommune.no

Arbeidsstad Olav Hålandsveg 2

4351 KLEPPE

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5184370763

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 03.01.2028

Søknadsfrist: 19.10.2026