Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar. Stillinga vil først vere i avd. 3. Etter omlag ett år vil stillinga vere hos Ressursbemanningsavdelinga, som vil sei at ein må kunne jobbe på fleire avdelingar ved behov. Arbeidsstad Heimetenester Os - Avdeling 3 / Ressursbemanningsavdelinga Arbeidsoppgåver
• Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar • Dokumentera helsehjelp i Profil • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale. Kvalifikasjonar
• Autorisasjon som sjukepleiar • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Førarkort kl. B. • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.) Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør • Evne til å møte andre på ein respektfull måte - brukaren sin heim er vår arbeidsplass • Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande • Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Vi tilbyr
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
