Workfinder

Høyanger kommune Høyanger kulturskule

Kulturskulelærar - Lavik

HøyangerDeltid, Vikariat, VikariatFrist 27. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

2. gongs utlysing Kulturskulen er organisert under Høyanger skule, og har no ledig 20 % stilling som kulturskulelærar. Stillinga er ledig frå snarast og tom 31.07.27 – vikariat. Oppmøtestad blir Lavik. Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.

Arbeidsoppgåver

  • •Undervisning av enkeltelevar og grupper innan piano.
  • •Planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar
  • •Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen
  • •Utviklingsarbeid i kulturskulen
  • •Rekruttering av elevar til kulturskulen

Kvalifikasjonar

  • •Ønskeleg med musikkutdanning på høgskulenivå med pedagogikk, men ikkje eit krav
  • •Ønskjeleg med erfaring frå kulturskule eller liknande arbeid
  • •Må kunne undervise på norsk
  • •Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast

Personlege eigenskapar

  • •Gode samarbeidsevner
  • •Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne
  • •Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane
  • •Fleksibel i høve arbeidsoppgåver
  • •Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette

Vi tilbyr

• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse» • Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg kan påreknast. Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova

Link til søknadsskjema: Søk her