OPK-SL - Avd. FF, Vestland fylkeskommune
Undervisningsstilling (vikariat) - norsk og samfunnskunnskap
Vil du vere med og forme framtida til ungdom gjennom praktisk og relevant opplæring? Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. På Slåtthaug møter du eit inkluderande fellesskap med engasjerte elevar og dyktige medarbeidarar. Vi er stolte av eit læringsmiljø der alle utdanningsvegar blir verdsette, og der vi saman arbeider for tryggleik, meistring og fagleg utvikling. Hos oss skal elevane oppleve aktiv læring, høge forventningar og støtte til å nå sitt potensial. Stillinga er i 60% frå 16.nov til 31.12 og 100% frå 01.01.2027 til 16.04.2027.
Arbeidsoppgåver
Undervisninga omfattar to klassar i norsk og éi undervisningsgruppe i samfunnskunnskap på Vg2 yrkesfag. Stillinga er på 60 % i perioden 16. november til 31. desember 2026, og blir utvida til 100 % frå 1. januar 2027 til 16. april 2027.
Kvalifikasjonar • Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i tråd med gjeldande krav til undervisningsstillingar. • Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ein fordel. • Svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne. • God digital kompetanse og interesse for å ta i bruk KI og andre digitale verktøy i undervisninga. • Erfaring med heilskapleg vurderingspraksis, tilpassa opplæring og arbeid i eit mangfaldig læringsmiljø. • Tydleg og trygg klasseleiing, med evne til å skape gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø. Personlege eigenskapar • Du trivst i arbeid med ungdom og er ein trygg og tydeleg rollemodell. • Du har ei positiv innstilling og byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer. • Du ser og tek omsyn til behova til den enkelte elev. • Du er ein god lagspelar som samarbeider godt med andre og delar kunnskapen din på ein raus måte. • Du arbeider strukturert, systematisk og målretta. Vi tilbyr Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Tett kollegasamarbeid og god delingskultur Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskapKontaktinformasjon Lisbeth Væhle Balchen, Konst. Avdelingsleiar for fellesfag, 95459871
Ingvill Rabben Dypevik, Rektor, 45043522
Arbeidsstad Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
