INV - Vedlikehald, drift og beredskap, Vestland fylkeskommune
Vil du vere med og gjere tunellane våre tryggare?
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Leikanger
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 23. november
- Lønn ikke oppgitt
Vestland fylkeskommune har flest tunellar på fylkesvegnettet i landet. For å styrke vårt tunellforvaltarmiljø søkjer vi no etter ein person som kan fylle rolla både som praktisk tunellforvaltar og brannvernleiar. Du vil bli ein sentral person i arbeidet med å rapportere til formell tunellforvaltar og å planlegge og gjennomføre brannøvingar. Stillinga kjem i tillegg til dagens sikkerheitskontrollør tunell, praktisk tunellforvaltar og brannvernleiar. Stillinga er lagt til avdeling for Vedlikehald, Drift og Beredskap (VDB) som ligg på avdeling for Infrastruktur og Veg. VDB har rundt 100 tilsette som jobbar med drift og vedlikehald. Kontorstad for stillinga er Leikanger, Bergen eller Førde.
Kva skal du jobbe med? Du skal bidra til at tunellane våre blir følgde opp på ein trygg og systematisk måte. Du vil mellom anna:
- •følgje opp tilstand, avvik, risikoanalysar og tiltaksplanar
- •delta på tunellinspeksjonar og arbeide med saker innan tunellfaget
- •bidra til dokumentasjon og rapportering, mellom anna i Trygg Tunnel og med tunellforvaltar og sikkerheitskontrollør
- •planleggje og følgje opp brannøvingar, branntilsyn og samarbeid med brannvesenet
- •følgje opp beredskapsplanar, brannteknisk utstyr og rutinar for rømming og eigenkontroll
- •Fordelinga mellom oppgåvene innan praktisk tunellforvaltning og brannvern vil variere etter behov.
Kven ser vi etter?
• Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå og relevant erfaring. • Gode digitale ferdigheiter • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B. Du kan ha bakgrunn frå tunellfaget, men det er ikkje den einaste vegen inn i stillinga. Erfaring frå veg, teknisk infrastruktur, drift og vedlikehald, beredskap eller andre tekniske og sikkerheitskritiske miljø kan også vere relevant. Det viktigaste er at du har god teknisk forståing, arbeider systematisk og har interesse for sikkerheit, risiko og beredskap. Du må vere motivert for å lære tunellfaget og utvikle deg vidare saman med fagmiljøet vårt. Kven vil lykkast hos oss? Dette er ei rolle med ansvar. Vi ser derfor etter deg som arbeider systematisk, tek initiativ og følgjer saker heilt fram. Du legg merke til når noko ikkje er som det skal, undersøker kva som må gjerast og sørgjer for at det blir følgt opp. Du er trygg nok til å ta ansvar og gjere vurderingar, samtidig som du veit når du skal hente inn andre fagpersonar. Du må også trivast med samarbeid. Arbeidet med tunellsikkerheit går på tvers av fag og involverer både kollegaer, entreprenørar, brannvesen og andre aktørar. Vi ser derfor etter deg som kommuniserer godt, deler kunnskap og bidreg til eit godt fagmiljø. Vi trur du vil trivast dersom du likar kombinasjonen av fagleg fordjuping, praktiske problemstillingar og det å sjå at oppfølginga di faktisk får betydning ute på vegnettet. Hjå oss får du Du blir ein del av Vedlikehald, drift og beredskap i Infrastruktur og veg. Avdelinga har rundt 100 medarbeidarar som arbeider med drift og vedlikehald av fylkesvegane. Hos oss får du ei fagleg utfordrande stilling med stor samfunnsnytte, eit godt fagleg nettverk og moglegheiter for vidare utvikling. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, heimekontor etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale. Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte avdelingsleiar Eivind Yttri på telefon 908 30 854. Kontaktinformasjon Eivind Yttri, Avdelingsleiar, +47 90830854
Arbeidsstad Lars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune