Stord kommune
ID 2487 IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap - IKT eininga
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Stord
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 1. november
- Lønn ikke oppgitt
Stord kommune er avhengig av sikre og stabile digitale løysingar for å levere gode tenester til innbyggjarane. Kommunen behandlar store mengder personopplysningar innan mellom anna helse og omsorg, barnevern, PPT, skule og administrative tenester.
Det er ledig fast 100% stilling som IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap
Støtteeining IKT har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kommunen si digitale plattform. Du vert del av eit erfarent IKT-team der me legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar. Du får sjølvstendige ansvarsområde, men står ikkje åleine om oppgåvene.
Arbeids- og ansvarsområde
- •Delta i operativ drift, herding og handtering av driftsavbrot og sikkerheitshendingar.
- •Forvalte backup og gjenoppretting, gjennomføre testar og følgje opp avvik.
- •Vedlikehalde IKT-beredskapsplan, tiltakskort og rutinar, og gjennomføre beredskapsøvingar.
- •Gjennomføre og følgje opp ROS-analysar, DPIA-ar og databehandlaravtalar.
- •Utarbeide og halde ved like rutinar, teknisk dokumentasjon og tiltakskort.
- •Følgje opp leverandørar og sikkerheitskrav til skytenester.
Ønska kvalifikasjonar
- •Relevant utdanning innan IKT, informasjonssikkerheit, datakommunikasjon eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- •Erfaring med IKT-drift, Microsoft 365, Entra ID og skybaserte tenester.
- •Kunnskap om backup, gjenoppretting, kontinuitet og IKT-beredskap.
- •Kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, ROS-analysar og DPIA.
- •Erfaring med leverandøroppfølging og vurdering av sikkerheitskrav er ønskjeleg.
- •God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- •Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og praktisk, og samarbeide godt med kollegaer, fagmiljø og leverandørar.
- •Erfaring frå kommunal eller annan offentleg verksemd er ein fordel.
Me kan tilby
- •Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- •Eit godt arbeidsmiljø i eit erfarent team med samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar
- •Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar m.m.
- •Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- •Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Gisle Østrem, tlf 97552005