Workfinder

Stryn Kommune

Reiselivskoordinator

StrynHeltid, Fast, FastFrist 28. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa? Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator. Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - “hands on”, og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet. Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utanfor desse månadane.

Arbeidsoppgåver

• Handtering av cruiseturisme, inkludert informasjonsarbeid og logistikkoppgåver på kai ved cruiseanløp, og deltaking i planlegging/kontaktmøter med Nordfjord Havn • Koordinere reiselivsaktørar for trygg trafikkavvikling • Oppfølging og tilsyn av fellesgoder i pressområder - høgsesong • Vere kontaktpunkt til bygdelag ifht reiselivsutvikling • Følgje opp arbeidet med Merket for berekraftig reisemål, handlingsplan • Produktutvikling – sti, utsiktsrydding, informasjon • Prosjektoppfølging • Andre diverse reiselivsrelaterte oppgåver Kvalifikasjonar

• Erfaring frå reiselivsnæringa • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (td. reiseliv, friluftsliv, naturforvaltning, besøksforvaltning, planlegging, prosjektleiing) • Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk • Moglegheit til å jobbe i høgsesong (sommar) Det er ønskjeleg med:

• Interesse for lokal samfunnsutvikling • Erfaring frå naturbasert reiseliv og besøksforvaltning • Erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor Personlege eigenskapar

• Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere • Utadvendt og serviceinnstilt • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Vi tilbyr

  • •Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • •Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • •Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • •Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
  • •Arbeidsstad i naturskjønne Stryn – der fjord møter fjell
  • •Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune.

Kontaktinformasjon Siv Randi Berstad, Konst.avdelingsleiar berekraft og næring, siv.berstad@stryn.kommune.no

Arbeidsstad Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5191279992

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026