Workfinder

Volda kommune, Institusjonsteneste

Korttidsseksjonen,Volda Omsorgssenter har 80 % fast st for sjukepleiar.

VoldaDeltid, Fast, FastFrist 1. november

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Volda Omsorgssenter søkjer ein engasjert og initiativrik sjukepleiar til ei fast 80 % stilling ved vår aktive og tverrfaglege korttidsavdeling. Her får du høve til å arbeide med ulike typar pasientar – i eit miljø der fagleg samarbeid og menneskeleg nærleik står i sentrum. Korttidsseksjonen tilbyr: Ordinær korttidsopphald. Øyeblikkeleg hjelp-funksjon innan somatikk og psykiatri

Tett samarbeid med fysio-/ergoterapeutar, lege, HBO, sjukehus og forvaltningskontor

Vi jobbar miljøretta – du som sjukepleiar er det viktigaste verktøyet i møte med pasienten. Her får du bidra til ein meiningsfylt kvardag for både pasientar og pårørande. Stillinga har 2 delt turnus med arbeid kvar 3. helg . Planar om årsturnus , langvakter og etablering av sjukepleieteam Vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.

Arbeidsoppgåver

• Utøve pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte. • Ha fokus på medisinsk oppfølging, ernæring , støtte under bebuar sine eigne ressursar og trivsel for den enkelte bebuar. • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift • Samhandle med brukerar, pårørande og andre samarbeidspartar Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som er :

• Er autorisert sjukepleiar (oppgje HPR-nummer) • Har gode norskkunnskapar (minimum nivå B2) • Ønskjer å vere med på å utvikle “morgondagens korttidsseksjon” • Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA Personleg eignaheit vert vektlagt. Nyutdanna er også velkomne til å søke!

Personlege eigenskapar

• Er fagleg engasjert og trygg i møte med krevjande situasjonar Tek initiativ og ansvar Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre. Ønskjer å bidra til utvikling og dele kompetanse med kollegaer Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi gjer ei heilskapeleg vurdering av søkjerar og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referanse vert nytta.

Vi tilbyr

  • •Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
  • •Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • •Regelmessig internundervisning og moglegheit for vidareutdanning
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •Lønn etter avtale

Kontaktinformasjon Norunn Glomnes, Seksjonsleiar Kaptein/Klokkarstova, 90949073, norunn.glomnes@volda.kommune.no

Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Arbeidsstad Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5194605146

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 01.11.2026