Workfinder

Alsaker Fjordbruk

Senterleiar -- Lysefjorden Havbrukssenter

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Er du vår senterleiar som skal ta havbrukssenteret inn i framtida?

Lysefjorden Havbrukssenter er Alsaker-konsernet sitt nye formidlingssenter for havbruk. Senteret opnar våren 2027.

Me treng ein leiar, som ynskjer å ta ansvar for å bygge opp og drive vårt framtidsretta formidlingssenter. Ein operativ leiar som får fram det beste i folk sine tankar om det å byggje og utvikle ei av Noreg sine mest attraktive næringar. Me er godt i gong med å utvikle senteret sitt innhald og profil. No ynskjer me å få deg med på laget. Er du vår;

Senterleiar, som skal ta havbrukssenteret inn i framtida?

Lysefjorden Havbrukssenter vert eitt av to formidlingssenter, som vert utvikla og drifta av Alsaker-konsernet. I dag driv me Røvær Havbrukssenter, som opna i 2018. Havbrukssentra er retta inn mot turistbesøk og elev-/studentgrupper.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vert å

• Formidle kunnskap om havbruk til turistar, elevar, studentar og samarbeidspartnarar • Byggje relasjonar mot ulike kundegrupper og marknadsføre senteret • Vera vårt ansikt utad lokalt/regionalt • Planleggje og gjennomføre visningsturar og arrangement • Ansvar for senteret si heilskaplege utvikling og drift Kven kan du vera:

• Du er engasjert og har gode formidlingsevner • Du er praktisk og pedagogisk anlagt • Du er ryddig og vant til å jobbe med fleire ting samstundes • Du jobbar godt saman med andre og har leiareigenskapar • Du er sjølvgåande og fleksibel • Du er båtvand Det er ein fordel om du har kjennskap til havbruksnæringa.

Arbeidsstad er Lysefjordsenteret på Oanes i Strand kommune. Løn og oppstart etter avtale.

Lysefjorden Havbrukssenter er eit heilt nytt opplevingssenter som skal gje den besøkande innsikt i, og kunnskap om moderne havbruk. Havbrukssenteret er plassert ved inngongen til Lysefjorden, i Strand kommune, og vil mellom anna innehalde aktive, moderne og kunnskapsbaserte utstillingar, serveringsverksemd, ulike arrangement og visningsturar til våre sjølokalitetar.

Lysefjorden Havbrukssenter er eigd av Alsaker-konsernet med hovudsete på Onarheim i Tysnes kommune. Konsernet er eit heilintegrert havbruksselskap, og av dei mest anerkjende havbrukskonserna internasjonalt.

Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.