Workfinder

Aurland kommune

Helsesjukepleiar ved Aurland helsestasjon

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Om stillinga Me har ledig 100% vikariat som helsesjukepleiar frå 1. desember 2026 til 6. oktober 2027. Helsestasjonen har ansvar og oppgåver for barn og unge i alderen 0-20 år, i samsvar med lovpålagde oppgåver og retningslinjer. Tenesta omfattar helsestasjon (0-5 år), skulehelsetenesta (6-16 år) og helsestasjon for ungdom (13-20 år) samt arbeid med flyktningar. I tillegg kjem reisevaksinering og smittevern. Helsestasjonen er lokalisert på Fjordsenteret og ligg under kommunalavdeling oppvekst.

Arbeids- og ansvarsområde 40% av stillinga er knytt til tverrfagleg og førebyggande arbeid.

• Førebyggingsarbeidet er retta mot barnehageborn og skuleelevar. 60% av stillinga er innanfor lovpålagde oppgåver:

  • •arbeid med barn og unge i alderen 0 - 20 år og foreldre / føresette
  • •heimebesøk og oppfylging av nyfødte
  • •foreldrerettleiing og foreldrekurs
  • •barnevaksineprogrammet
  • •undervisning i skule og barnehage knytt til helsefaglege tema
  • •bidra inn i tverrfagleg arbeid
  • •samarbeid med fagpersonar og faginstansar
  • •koordinere ansvarsgrupper
  • •utarbeide prosedyrar og krav til kvalitetsikringssystem
  • •Andre relevante oppgåver knytt til helsesjukepleiarfunksjonen

Me nyttar journalsystemet Visma HsPRo og Visma Samspill i utforming av Individuell plan. Kommunen vår har plan for barn som pårørande, og helsestasjonen er ofte fyrste kontakt i oppfylging av barn.

Me tilbyr

• ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • vere ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter tariff • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdstiltak ) • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar

• norsk autorisasjon som helsesjukepleiar • norsk autorisasjon som sjukepleiar, med pågåande spesialutdanning som helsesjukepleiar • norsk autorisasjon som sjukepleiar med relevant erfaring I tillegg er det fint om du har:

  • •erfaring frå arbeid ved helsestasjon
  • •kompetanse som godkjend rettleiar innan foreldrerettleiingsprogram som til dømes ICDP
  • •gode datakunnskapar med kjennskap til journalsystemet Visma HsPro

Personlege eigenskapar

• Du har høg relasjonskompetanse og evnar å skape ein god relasjon til brukarane. • Du evnar å skape tillit hjå barn, ungdom og vaksne. • Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter. • Du er ansvarsbevisst og i stand til å arbeida sjølvstendig. Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • •Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • •Politiattest av nyare dato må vere levert og vurdert innan du byrjar i stillinga.

Krav til språk Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.