Lærdal kommune Pleie og omsorg
Vil du jobbe breitt med akuttmedisin og korttidspasientar? Team-sjukepleiar søkjast
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Lærdal
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 16. november
- Lønn ikke oppgitt
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna. Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Me søkjer no etter team-sjukepleiar ved KAD/kortidsavdeling Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar (KAD) ved kortidsavdelinga på Lærdal bu- og omsorgsheim. Me søkjer no etter ein sjukepleiar til ei spanande heiltidsstilling i eit team med ansvar for KAD og kortidsavdeling. Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 25 plassar fordelt på 1 KAD-plass, 4 korttidsplassar og 20 langtidsplassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio- og ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og ei aktivitetsstove med mykje liv og røre. Heimesjukepleia er samlokalisert med omsorgsheimen og yt tenester til 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader og om lag 70 tenestemottakarar i bygda. Me er kring 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega? Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter. Me nyttar årsturnus. Me ser etter deg som:
• Har autorisasjon som sjukepleiar • Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert, er fagleg oppdatert og ønskjer vidare utvikling • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Søkjarar utanfor Skandinavia må ha bestått norskprøve på nivå B2 • Har førarkort klasse B, godkjent i Noreg • Har gyldig politiattest • Har gyldig arbeids- og opphaldsløyve Relevant erfaring vert veklagd.
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga
• Ansvar for oppfølging av pasientar ved KAD og kortidsavdeling, inkludert observasjon, kartlegging og vurdering av endring i tilstand, samt iverksetjing av nødvendige tiltak • Dokumentasjon ved innkomst og utskriving, dagleg journalføring og bruk av e-link • Oppfølging ved legevisitt og samarbeid med spesialisthelsetenesta • Arbeid på medisinrom for alle avdelingar • Utføre sjukepleiefaglege prosedyrar ved behov på langtidsavdeling og i heimebasert omsorg • Tverrfagleg samarbeid kring medisinsk oppfølging, observasjon, NEWS2-kartlegging og behandlingsavklaring Me tilbyr:
- •Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, med plassering i garantilønstabell i kap. 4
- •Rekrutteringstilskot på kr 60 000 med to års bindingstid
- •Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
- •Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP
- •Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet
- •Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer
- •Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
• Full barnehagedekning • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.