Workfinder

Helsehuset, Sykkylven kommune

Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling - Dagtid

SykkylvenHeltid, Fast, FastFrist 22. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg! Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag.

Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar. Oppmodar menn til å søke.

Arbeidsoppgåver

• Kartlegging og støttesamtalar • Målretta miljøarbeid • Tilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behov • Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksternt • Legemiddelhandtering • Journalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande • Oppgåver delegert frå næraste leiar Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanning • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg • Førerkort klasse B • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) • Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest Personlege eigenskapar

  • •God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • •Vere strukturert og løysingsorientert
  • •Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • •Du evnar å halde deg fagleg oppdatert og vise fagleg engasjement
  • •Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting Vi tilbyr

  • •Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • •Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • •Kollegastøtte
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • •Gratis parkering

Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon Audhild Myklebust, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, 91898758, audhild.myklebust@sykkylven.kommune.no

Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad Auregata 19

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5192013971

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.10.2026