Etnedal kommune
Tilkallingsvikar/vikar
Etnedal skule søkjer etter tilkallingsvikarar, det kan også vera aktuelt med vikariat over ei periode ved behov. Vi tek kontakt med søkarar og tilset etter kvart som skulen har behov. Vi ber om forståing for at du difor ikkje alltid høyrar frå oss umiddelbart etter at du har sendt inn søknaden din.
Arbeidsoppgaver Undervisning eller assistentoppgåver ved 1.-10. trinn. Alle fag kan vera aktuelle. Kvalifikasjoner Det er primært ynskjeleg med godkjend lærarutdanning, relevant høgskuleutdanning eller relevant fagbrev. Søkarar som kan vera tilgjengelege delar av skuleåret er også velkomne til å søke. Personlige egenskaper Vi legg vekt på at dei tilsette; Kan byggja gode relasjonar både til elevar og føresette Tek initiativ og bidreg til utvikling av eit godt læringsmiljø og arbeidsmiljø Er fleksibel og har gode samarbeidsevnerVi tilbyr Varierande og utfordrande arbeid i eit positivt miljø Inkluderande arbeidsliv Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 10-9. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje Attester og vitnemål sendast med elektronisk.Kontaktinformasjon Wenche Rognerud, Rektor, +47 61121801
Arbeidssted Kyrkjevegen 10
2890 ETNEDAL
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Etnedal kommune
