Volda kommune, Avdeling helsestasjon
Helsesjukepleiar
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Volda
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 31. oktober
- Lønn ikke oppgitt
Avdeling barn og familie har no ledig både fast stilling og vikariat som helsesjukepleiar. Frå 01.01.2027 er det ledig 80 % fast stilling helsesjukepleiar og 100 % svangerskapsvikariat helsesjukepleiar i Volda kommune. Vikariatet er t.o.m 31.10.27 men det kan bli høve til forlenging i vikariatet. Helsestasjonen i Volda omfattar svangerskaps- og barselomsorg, helsestasjons- og skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og studentar, helseteneste for flyktningar samt yrkes- og reisevaksinering. Helsestasjonen inngår i avdeling Barn og familie, saman med seksjon Familie- og ungdomsstøtte.
Vi søker etter deg som har engasjement for førebyggjande og helsefremjande arbeid og som ønsker å jobbe for at barn og unge skal ha gode oppvekstsvilkår. Volda er ei BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og som tilsett her er du positivt forplikta til å innrette arbeidet etter denne modellen for samhandling.
Arbeidsoppgåver I stillingane inngår ordinært arbeid innan helsestasjons- og skulehelseteneste knytt til dei ulike områda dette omfattar. For tida er begge stillingane primært knytt til skulehelseteneste, men arbeidsoppgåvene vil kunne bli endra/ utvida ut frå avdelinga sitt samla behov. Kvalifikasjonar Sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar Sjukepleiar under utdanning til helsesjukepleiar vil også bli vurdert. Må kunne meistre dei digitale verktya og programma som er naudsynte i arbeidet. Personlege eigenskapar
• Har interesse og engasjement for barn, unge og familiar • Ser verdien i god førebygging og tidleg innsats • Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team • Er positiv, strukturert og utviklingsorientert • Kommuniserer tydeleg og har evne til å etablere gode relasjonar • Er fleksibel og endringsvillig Både utdanning, erfaring og personlege eigenskapar blir vektlagt Vi tilbyr
• Ei spennande stilling med variasjon i arbeidsoppgåver • Høve til fagleg oppdatering • Eit inkluderande arbeidsmiljø og utviklingsorientert fagmiljø • Arbeid på dagtid med fleksitidsordning • God pensjonsordning • Løn etter gjeldande avtaleverk Vi ber om at søkjar presiserer kva stilling dei søkjer på og om det er aktuelt både med fast stilling og vikariat. Vi ber om at søkjar lastar opp vitnemål og attestar og legg dette ved søknaden i webcruiter. I samsvar med offentleglova § 25, har søkjar høve til å be om unntak frå offentleg søkjarliste. Dette må grunngjevast i søknaden. Søkjaren sine behov vil bli vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om innsyn. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjar bli kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste blir utforma. Kontaktinformasjon Kari-Janne Ljones Kulø, +47 99435473, kari.janne.kulo@volda.kommune.no
Arbeidsstad Stormyra 2
6100 Volda
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune